Nyheter

Husbanken har vore med å bidra til at i det Åkle i Iveland har reist seg eit landsbytun med 26 universelt utforma leilegheiter. No får 25 nye distriktskommunar moglegheiter til å utvikle nye bustadkonsept ved hjelp av tilskot frå Husbanken.
Husbanken har vore med å bidra til at i det Åkle i Iveland har reist seg eit landsbytun med 26 universelt utforma leilegheiter. No får 25 nye distriktskommunar moglegheiter til å utvikle nye bustadkonsept ved hjelp av tilskot frå Husbanken.

Desse får millionar til å utvikle nye bustadkonsept

25 kommunar får til saman 21 millionar for å tiltrekke seg nye innbyggjarar gjennom nye bustadkonsept og samarbeidsformer. Fleire kommunar vil utvikle bustadar i gamle, kommunale bygg.

Publisert Sist oppdatert

25 kommunar får i år tilskot til å prøve ut nye bustadkonsept og samarbeidsformer for å auke tilgangen på bustadar i distrikta. Det er Husbanken som står bak tilskota, som er på til saman 21 millionar kroner. 

Husbanken og Distriktssenteret har saman valt ut prosjekta. 

Nye modellar for eige/leige/dele, nye samarbeidsmetodar med utbyggjarar, samarbeid med kommunar og utviklingsmodellar, nye buformer og ombruk av gamle institusjonsbygg er nokre av prosjekta som får tilskot.

– Mange distriktskommunar har små bustadmarknader med låg omsetting og lite nybygging. Tilskota vi gir, skal bidra til auka bustadbygging, eit meir variert butilbod og tilgang på fleire eigna bustader i distrikta, seier administrerande direktør Jan Hjelle i Husbanken i ei pressemelding.

57 kommunar søkte om tilskot i år.

– Husbanken sitt tilskot til bustadtiltak i distrikta fremjar prosjekt som skal auke busetting og tilflytting. Det er eit viktig mål for Senterpartiet og Arbeidarpartiet å sikre folk gode bustadar i heile Noreg. Dette er eit viktig bidrag i det arbeidet, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Transformering av bygg

Både Folldal, Rauma, Sør-Aurdal og Øystre Slidre får tilskot til vidare arbeid med å gjere om gamle institusjonsbygg til bustadar.

Sør-Aurdal får 950.000 kroner. Kommunen fekk også tilskotsmidler i fjor. I ei moglegheitsstudie ser kommunen føre seg at eit tidlegare menighetshus som kommunen kjøpte i 2003 og som har vore brukt til flyktningebustadar, kan byggast om til fem leiligheter. Desse kan brukast som rekrutteringsbustadar til dei som har fått seg arbeid i kommunen eller som ynskjer å prøvebu før dei flyttar til kommunan permanent.

Rauma har fått 330.000 kroner for å greie ut korleis ein tidlegare prestegardsbustad kan bli tilpassa framtidige behov i kommunen.

Folldal får 1.930 millionar til fase 2 i forprosjektet med arbeidet med å transformere ein gammal skule til bustadar.

Øystre Slidre får ein halv million kroner til ei moglegheitsstudie av transformasjon av ein sjukeheim til bustadar.

I fjor innførte regjeringa ei ordning for bustadbygging og for byggenæringa i distrikta. Husbanken tok da imot 40 søknader, der 14 av de til saman fekk 8,5 millionar kroner.

Bustadsosiale tiltak

Husbanken deler også ut 14,7 millionar kroner til bustadsosiale tiltak. Tilskota blir delte ut til frivillige og private aktørar, forskings- og utdanningsinstitusjonar og kommunar.

Husbanken fekk 72 søknader til dette. Av desse har Husbanken valt ut 31 prosjekt som får tilskot. Husbanken har prioritert prosjekt med stor overføringsverdi til andre satsingar.

Døme på prosjekt er Askøy kommune som skal auke bruken av startlån til tilpassing av bustad for eldre, Valdres næringshage som skal ha eit pilotprosjekt om energirapport for bustader, «Bo- og blilyst» i Balsfjord og Storfjord, og dessutan Indre Østfold sitt prosjekt om val av tilbod og overgang til varig bustad for ungdommar i ettervern.

– Vi har òg lagt vekt på at kunnskapen som blir utvikla i prosjekta, skal dokumenterast, formidlast og bli delt på ein slik måte at andre kan ha nytte av erfaringane, seier prosjektleiar Gry Kongsli i Husbanken.

Powered by Labrador CMS