Nyheter

Nore og Uvdal er ein av dei ni kommunane der innbyggarane dei næraste tre åra kan få utført statlege tenester på servicekontoret.
Nore og Uvdal er ein av dei ni kommunane der innbyggarane dei næraste tre åra kan få utført statlege tenester på servicekontoret.

Staten rykker inn på servicekontora

På nye nærtenestesenter i ni kommunar skal innbyggjarane få utført statlege tenester av statlege tilsette på kommunale servicekontor.

Publisert Sist oppdatert

Felles for kommunane Lebesby, Tokke, Nore og Uvdal, Ulstein, Meløy, Øygarden, Værøy (inkludert Røst, Flakstad og Moskenes), Gamvik og Vanylven er at dei er distriktskommunar der innbyggjarane har ein god bit reiseveg til statlege tenester som dei må møte fysisk til.

No vil kommunane også få ein ny ting felles: Dei er vald ut til å vere pilotar for dei nye nærtenestesentera som regjeringa har ønskt seg.

Nærtenestesenter skal vere på plass i dei ni utvalde kommunane i løpet av hausten. Korleis organiseringa blir og korleis kommunane løyser dei ulike oppgåvene skal utviklast i dialog mellom kommunane og dei statlege etatane.

Det skal ikkje bli endringar i forvaltingsansvaret. Det betyr at kommunalt tilsette ikkje skal utføre statlege oppgåver, ifølge departementet. Men tanken er at innbyggjarane kan få utført statlege tenester på kommunale servicekontor.

«Departementet planlegg for at pilotane skal vere på plass i løpet av hausten, men dette kjem også an på kommunane og dialogen med dei statlege etatane om dei konkrete løysningane for dei lokale pilotane», skriv Hilde Greve Mo i Kommunal og distriktsdepartementet i ein e-post til Kommunal Rapport.

10 fekk nei

Regjeringa har allereie bestemt at det skal opnast 15 nye passkontor ulike stader i landet, for dei som har særleg lang reiseveg, eller der det er kapasitetsutfordringar.

– Dei nye passkontora har styrka passtilbodet i Distrikts-Noreg. No skal vi og sikre betre tilgang til mellom anna Skatteetaten, Statens vegvesen og politiet, uttalar kommunal- og distriktsminister Erling Sande i ei pressemelding.

Det kom inn søknadar frå 19 kommunar om å få vere med på pilotprosjektet. 

Dei utvalde ni er tildelt frå litt over 1 million kroner i Tokke til godt over 2 millionar kroner i Vanylven for å utvikle sin pilot. 

Staten dekker inntil 50 prosent av utgiftene i samband med gjennomføring av piloten.

Hjelp til digitale tenester

Nærtenestesentera skal også vere ein stad innbyggjarane kan bli betre til å bruke digitale tenester.

– Skal vi lykkast med digitaliseringa, må vi ha alle med. Arbeidet mot digitalt utanforskap er derfor heilt avgjerande, og eg er glad for at sentera også skal teste ulike måtar å styrke den digitale kompetansen på. Det handlar både om grunnleggande digital kompetanse og om å kunne bruke dei digitale tenestene frå for eksempel Skatteetaten og Nav, seier digitaliserings- og forvaltingsminister Karianne Tung. 

Powered by Labrador CMS