Nyheter

Inderøy brukar turisme og kulturminner som ein tydelige strategi når de utviklar kommunesenteret Straumen. No er Straumen kåra til landets mest attraktive tettstad.
Inderøy brukar turisme og kulturminner som ein tydelige strategi når de utviklar kommunesenteret Straumen. No er Straumen kåra til landets mest attraktive tettstad.

Straumen mest attraktiv

Straumen er kåra til årets mest attraktive stad. Samarbeid og inkludering er oppskrifta, meiner juryen.

Publisert Sist oppdatert

Samarbeid og inkludering er tettstaden Straumen i Trøndelag si oppskrift på at dei no er kåra til landets mest attraktive stad. For dette får Inderøy kommune no Statens pris for berekraftig by- og stadsutvikling 2020. 

Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som står bak prisen.

Juryen legg vekt på at utviklinga i Straumen er eit resultat av langsiktig arbeid.

«Med stor grad av medverknad, har kommunen skapt ein inkluderande arbeidskultur, engasjement og ei utvikling som har styrkt den unike identiteten til Straumen og Inderøy, som ein liten og attraktiv landbruks- og kulturkommune».

– Andre større og mindre stader kan la seg inspirere av Straumen sitt arbeid med sosial berekraft, samarbeidsformer og langsiktig arbeid med merkevarebygging. Det har vore motoren i staden si utvikling og har skapt grobotn for vekst, seier Alexandria Algard, leiar for juryen.

Då Kommunal Rapport snakka med ordførar Ida Stuberg (Sp) i Inderøy tidligare i haust om kvifor Straumen var nominert, la ho vekt på det gode samarbeidet mellom kommunen, næringsdrivande og frivillege.

– Det var viktig at vi hadde ein strategi, men vi er prisgitt at private næringsdrivande og frivillege er med på det. Kommunen må sørge for god medverknad.

Straumen, Hamar og Porsgrunn

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup er imponert over alle dei tre finalistane. Hamar og Porsgrunn kjempa saman med Straumen i siste runde.

– Finalistane har vist stor vilje til å setje inn tiltak for å gjere stadene meir attraktive for innbyggjarar, næringsliv og besøkande, seier han.

Statsråden deler ut prisen til Straumen og Inderøy kommune den 12. oktober.

I 2019 blei Bergen kåra til Noregs mest attraktive by. Tidligere vinnarar er Kristiansand i 2018, Fredrikstad i 2017, Bodø i 2016 og i 2015 vant Trondheim, Helse Midt og St. Olavs Hospital.

Les også: Her er de tre nominerte

Powered by Labrador CMS