Nyheter

Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.
Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.

Saknar oversikt over nynorskelevar

Mange elevar opplever at læremiddel og læringsressursar ikkje ligg føre på nynorsk på same tid som på bokmål. Men kor mange "mange" er, manglar det tal på.Opplæringslova

Publisert Sist oppdatert

Stortinget skal vedta ny opplæringslov i sommar. Hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune har i forkant sendt ein uttale til kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) og alle partigruppene på Stortinget. Uvalet ber om at opplæringslova må sikre nynorskelevane.

Ny opplæringslov skal etter planen gjelde frå august 2024.

Utvalet i Vestland er glad for at det vert føreslått å innføre krav om skriveprogram som stør både nynorsk og bokmål, men dei etterlyser også at andre læringsressursar kjem på nynorsk til same tid og pris.

– Som det største nynorskfylket og med ansvar for mange elevar som har nynorsk som hovudmål, har vi eit ansvar for å krevje nynorskelevane sin rett. Mange opplever at læremiddel og læringsressursar ikkje ligg føre på nynorsk på same tid som på bokmål. Det er uhaldbart, og det undergrev retten nynorskelevane har til å få opplæring på sitt eige skriftspråk, seier Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.

Men kor mange elevar er mange?

Hausten 2020 gjekk det to månadar inn i skuleåret før elevane ved Hafstad vidaregåande skule i Førde fekk lærebøker på sitt eige målføre. Dette er urettferdig, meiner Vestland.
Hausten 2020 gjekk det to månadar inn i skuleåret før elevane ved Hafstad vidaregåande skule i Førde fekk lærebøker på sitt eige målføre. Dette er urettferdig, meiner Vestland.

Ingen oversikt

– Det finst diverre ikkje oversikt over tal nynorskelevar i vidaregåande skule. Sidan det berre er elevar på studieførebuande program som har obligatorisk eksamen i hovudmål, er ikkje tala nødvendigvis representative. Elevar på yrkesfag finst det til dømes ikkje oversikt over i det heile. Heller ikkje elevar som ikkje fullfører vidaregåande. Det ideelle hadde vore eit slags Grunnskulens informasjonssystem (GSI) for vidaregåande også, meiner leiar Synnøve Marie Sætre i Nynorsksenteret.

Nynorsksenteret er eit ressurssenter for nynorsk i barnehage og skule.

Hovudutvalet i Vestland meiner det er nødvendig å lovfeste nynorskkrav til læringsressursar som er utvikla til bruk i skulen. 

– Framlegget til ny opplæringslov tek ikkje høgde for dette slik det er lagt fram, seier Alexander Fosse Andersen, medlem i hovudutval for opplæring og kompetanse og leiar for Nynorskfylket Vestland.

Opplæringslova

Opplæringslova regulerer skulekvardagen til over 820.000 barn og unge, og arbeidsdagen til over 95.000 lærarar.

Loven gjeld også alle som har læretid i bedrift, og vaksne som får grunnskuleopplæring eller vidaregåande opplæring.

Lova påeirkar også kvardagen til tusenvis av tilsette i kommunar, fylkeskommunar, stat og i det private, og også foreldre og andre privatpersonar.

Opplæringslova skal vere eit solid rammeverk som sikrar alle ei opplæring av høg kvalitet, eit trygt læringsmiljø, og medverknad i tilhøve som gjeld ein selv.

– Feil språk

I den nye lova ynskjer regjeringa å utvide retten til å få nynorskopplæring til ungdomsskuleelevar, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe til Bergens Tidende.

Eit av måla er å unngå at elevar byter skriftspråk fra bokmål til nynorsk når dei startar på ungdomsskulen, ifølge Toppe.

Noregs Mållag er skuffa over at nynorskelevar ikkie blir sikra same tilgang til digitale læremidler på nynorsk.

Over 73.000 nynorskelevar må bruke digitale læringsressurser på feil språk, sier leder Peder Lofnes Haug.

Powered by Labrador CMS