Førde, Gaular, Jølster og Naustdal vil ikkje samkøyre eigedomsskatten innan dei fire kommunane vert til ein i 2020. Dei vil heller vente til etter samanslåinga. Foto: Britt Glosvik
Førde, Gaular, Jølster og Naustdal vil ikkje samkøyre eigedomsskatten innan dei fire kommunane vert til ein i 2020. Dei vil heller vente til etter samanslåinga. Foto: Britt Glosvik
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Vil ha unntak frå lovverket

Dei fire kommunane som vert «Nye Førde» ber no Kommunaldepartementet om unntak frå lovverket for å handtere eigedomsskatten i den nye samanslåtte kommunen med Førde, Gaular, Jølster og Naustdal.

Dei fire kommunane ønsker at satsen for eigedomsskatten skal vere ulik til og med 2021. Lov om eigedomsskatt opnar ikkje for ulik sats i ein kommune, men det kan vere ulik sats for bustader og næring.

Namnet på den nye kommunen er ikkje klart, og departementet har òg bedt kommunane om å vurdere kva unntak frå andre regler dei ønsker.

Dei fire kommunane har ulike regime for innkrevjing av eigedomsskatt. Mellom anna er både satsar og botnfrådrag ulike.

Sjølv om dei fire kommunane kan tilpasse seg kvarandre i dei to neste kommunebudsjetta, vil dei heller drive som før fram til samanslåinga, går det fram av innstillinga til politikarane.

«For å få til eit nytt system for eigedomsskatten, må ein etablere eit eige prosjekt som del av kommunereform-prosessen. Truleg kan dette først skje når nytt kommunestyre er på plass og ein har felles system og prinsipp for taksering. Fram til dette nye regimet er etablert, må den nye kommunen nytte dei takstane og prinsippa som i dag gjeld i dei ulike kommunane», heiter det i saksframlegget til bystyret i Førde, som handsama saka sist veke.

Dei fire kommunane vil gi den nye kommunen to år på å rette opp skilnadane, slik at det skal vere lik eigedomsskatt i «Nye Førde» frå 2022.