Tidlegare Etne-rådmann Elling Hetland er engasjert av LNK for passa på nynorsken i kommunereforma. Foto: LNK
Tidlegare Etne-rådmann Elling Hetland er engasjert av LNK for passa på nynorsken i kommunereforma. Foto: LNKLNK
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Skal gi nynorskråd i kommunereforma

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) vil no passe på at nynorsken ikkje forsvinn som følgje av kommunereforma.

Regjeringa har gitt LNK i oppgåve å gi råd til kommunane om korleis nynorsk kan styrkast i kommunar både med og utan nynorsk som målform.

Elling Hetland er no engasjert av LNK som rådgivar, fortel organisasjonen i ei pressemelding.

– Eg skal følgja med på kva som skjer rundt kommunesamanslåing i dei områda der ulike samanslåingsalternativ kan påverka den språklege situasjonen, eller få konsekvensar for nynorsken framover. Det vil vera spesielt i område der det er bokmålskommunar og språknøytrale kommunar som greier ut samanslåing med nynorskkommunar, seier Hetland i meldinga.

Hetland meiner det er viktig å ha med seg språkproblematikken inn i utgreiingane av samanslåing og ha eit medvite forhold til nynorsken når nye kommunar skal dannast.

Hetland har jobba i Etne kommune i nær 20 år, 11 av dei som rådmann. Han meiner det er viktig å ha eit medvite forhold til språk.

– Det må på dagsorden og det må gjerne lagast planar for korleis språket skal takast vare på og styrkast i den nye kommunestrukturen framover. Språket er under press frå mange hald i dag, ikkje berre som følgje av kommunereforma. Blir det ikkje sett på dagsorden, tatt omsyn til og tatt med inn i drøftingane, på same vis som resten av identiteten og kulturen i samband med utgreiingsarbeidet, blir lett dei viktige språklege forholda gløymde, seier Hetland i meldinga.