Førde blir kommunesenteret, men kva skal kommunen heite? Dosent Øyvind Glosvik foreslår ein metode for å finne namnet. Illustrasjonsfoto: Magnus K. Bjørke
Førde blir kommunesenteret, men kva skal kommunen heite? Dosent Øyvind Glosvik foreslår ein metode for å finne namnet. Illustrasjonsfoto: Magnus K. BjørkeMagnus Knutsen Bjørke
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Slik kan nytt namn veljast

Kva skal barnet heite, når fire kommunar går saman til ein ny? Problemet er ikkje alternative namn, men korleis ein skal komme fram til eit eintydig uttrykk for ynskje om namn.

Det er ikkje folket som skal meine noko om namnet, men kommunane. Altså kommunestyra.

Dei lokale vedtaka er på plass. Førde, Jølster, Gaular og Naustdal går saman til ei ny eining. Eg trur dette er den mest omfattande samanslåinga, der fire kommunar er involverte. Til saman får eininga 23.000 innbyggjarar. Men kva skal barnet heite?

Vi trudde det skulle bli «Sunnfjord». No vart ikkje det så endeframt, mellom anna fordi språkrådet rukka på nasen, og dei andre kommunane som det gamle fogderiet omfatta, likte det også dårleg.

Som kompromiss er førebels «Indre Sunnfjord» arbeidsnamnet. Det duftar ikkje spesielt tiltrekkjande. Difor har nokre lansert «Førde», men då tykkjer andre at eimen av sentralisering blir for sterk.

Som alternativ er «Firda kommune» lansert. Det er mykje brukt som namn på verksemder i Nordfjord og Sunnfjord, men er ikkje i bruk som geografisk nemning i dag.

Problemet er likevel ikkje alternative namn, men korleis ein skal komme fram til eit eintydig uttrykk for ynskje om namn. Det er regjeringa som har siste ordet i saka. Gjennom ein kgl.res. blir namnet bestemt, og det er sagt at ein skal leggje stor vekt på kva kommunane meiner. Slik sett er ikkje namnet «Sunnfjord» utelukka. Språkrådet har åtvara, men det ikkje rådet som avgjer. Det er opp til andre å ta omsyn til rådet – eller ikkje.

Så er det også slik at det ikkje er «folket» som skal meine noko om namnet, men «kommunane». Altså kommunestyra. I Førde ynskjer ein å gjennomføre ei innbyggjarhøyring, før kommunestyret endeleg meiner noko. I praksis blir det vel gjennomført ei meiningsmåling.

Likevel ender vi opp med ei utfordring: Det er fire kommunestyre som skal meine noko, og kva om desse har ulike meiningar til slutt: Kva gjer ein då? Korleis vil ein vege ei innbyggjarhøyring i nokre av kommunane opp mot kommunestyra i kommunane som ikkje spør folket?

Det er i denne situasjonen ein må tenkje nytt om prosedyren ein skal nytte for å komme fram til eitt samla uttrykk for meininga om namnet.

Utgangspunktet for ei god løysing er at ein respekterer kommunestyrerepresentantane som legitime, demokratisk valde representantar frå sine kommunar, og at dei gjennom sine eigne nettverk er kjende med dei diskusjonar, meiningar og styrken på meiningane som finst.

I tradisjonell, kommunalpolitisk verksemd har kvar representant ei stemme. Og ein stemmer seg fram til bindande vedtak gjennom bestemte framgangsmåtar som i utgangspunktet er forankra i kommunelovgjevinga.

Det likevel altså ikkje kommunane, men regjeringa som tek den endelege avgjerda. Difor er ikkje dei fire kommunane bundne til vanlege framgangsmåtar. Det er her ein kan bruke det som innanfor statsvitskapen blir kalla «Bordas metode».

Bordas metode er ein variant av preferansevalgordninga, eit posisjoneringsvalgsystem eller eit radval. Den franske matematikaren Jean-Charles de Borda foreslo opphaveleg dette systemet for val ved det franske vitskapsakademiet i 1770. I dag blir det ofte brukt i samband med tevlingar, men også i politiske valsystem.

Kort og godt betyr systemet at dei som skal stemme, ikkje har berre ei stemme, men like mange som det er alternativ å stemme over. Så må dei fordele stemmene etter si eiga overtyding.

Systemet kan brukast av dei fire kommunane i namnesaka slik:

1. La ein namnekomité lage ei ikkje-prioritert liste over alle namneforslaga som vert, og har vore drøfta, (Sunnfjord, Indre Sunnfjord, Førde, Firda …).

2. Kall inn alle kommunestyremedlemene i dei fire kommunane til eitt, endeleg møte

3. Avstemming etter Bordas metode:

a. Kvart medlem har like mange stemmer som det er alternativ

b. Ein fordele stemmene etter preferanse

c. All stemmegjeving skjer samstundes – ingen opning for taktisk stemming

d. Ingen kommunevis stemmegjeving – alle er like i salen

e. Oppteljing samstundes – gjerne munnleg opplesing frå den einskilde

4. Ingen nye avstemmingar – her må ein bestemme seg på førehand om at ein vil respektere utfallet. 

Konkret døme: Dersom eg var medlem av eitt av kommunestyra, kunne eg fordelt mine fem stemmer slik: Sunnfjord 2, Firda 2, Indre Sunnfjord 0, Førde 1. Det er berre å summere opp, så har ein noko eg trur både vil vere eit nokså presist uttrykk for folkemeininga og ein ryddig måte å handtere ein uryddig situasjon på.

Elles kan vi ende med eit utfall der fire kommunestyre stemmer seg fram til eit namneframlegg ingen eigentleg likar. Spenninga mellom husa Montague og Capulet er ingenting å rekne mot dei motsetningane som kan då oppstå i Sunnfjord.