@fylkespolitikar skriv annankvar fredag for Kommunal Rapport. Illustrasjon: Terje Lien
@fylkespolitikar skriv annankvar fredag for Kommunal Rapport. Illustrasjon: Terje Lien
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Fylkesstatistikken lever

Eg stryk handa varsamt over fylkesstatistikken og opnar heftet forsiktig.

Fargerike små og store kakestykke, grafar og stolpediagram ramlar ut av heftet. Eg plukkar dei opp frå golvet, tar eit stort gult kakestykke. Det kunne ha vore suksessterte, men det er industrien sin del av klimagassutslippa i fylket. Det smakar ikkje godt.
 
Nokre av tabellane er mest like. Tabellen over tannhelse og fylkestannrøkta er til forveksling lik tabellen over demografi og utdanningsnivå.

Statens vegvesen sin ulykkesstatistikk frå fylkesvegane blar eg raskt forbi. Ansikta og smerta vert for påtrengande.