Rådmann i Sykkylven May-Helen Molvær Grimstad er nøgd med at kommunen no snart er ute av Robek. Foto: Erlend Aas / NTB scanpix
Rådmann i Sykkylven May-Helen Molvær Grimstad er nøgd med at kommunen no snart er ute av Robek. Foto: Erlend Aas / NTB scanpixFoto: Erlend Aas / NTB scanpix
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Robek-veteran med knallgode tal

Sykkylven kan vere på veg ut av Robek etter eit svært godt år, syner den ureviderte rekneskapen frå kommunen. Netto driftsresultat var det beste i moderne tid.

Rekneskapen er no til revisjon, men dei førebelse tala syner eit netto driftsresultat på heile 8,3 prosent av inntektene. Vi må ti år tilbake i tid for å finne eit resultat som var i nærleiken av det kommunen no legg fram.

Inntektene auka med 3,4 prosent, men samstundes gjekk driftsutgiftene faktisk ned med 0,9 prosent. Utgiftene til lønn gjekk til dømes opp med berre om lag 1 prosent.