Debatt

En gangs bruk
Det viktigaste verkemiddelet for å jamne ut forskjellar mellom kommunane er inntektssystemet for kommunane, uavhengig om vi snakkar om by- eller distriktskommunar, skriv Erling Sande.

Ein politikk for heile Noreg

Senterpartiet og Arbeidarparti-regjeringa ønsker verdiskaping og busetting over heile landet. Eg meiner det ikkje går utover byane.

Publisert

Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning

Agnar Kaarbø kritiserer regjeringa for å føre ein aktiv distriktspolitikk — ein politikk vi fører med god grunn. Alle skal ha like moglegheiter til å leve gode liv i trygge lokalsamfunn — uavhengig om ein bur i ein by eller i ein distriktskommune.

Stortingsvalet for fire år sidan var eit politisk jordskjelv, og eit av dei tydelegaste bodskapane frå veljarane var at sentraliseringa til Erna Solberg hadde ført Noreg i gal retning. Derfor kom det eit regjeringsskifte og derfor vart dei fire partia som støtta henne kraftig reduserte. Den nye regjeringa hadde ei tydeleg målsetting: Sosial og geografisk utjamning.

I fleire av byane har vi eigne områdesatsingar for å sikre gode bu- og levekår.

Med spissformuleringa «Legg ned distriktsdepartementet» angrip Kommunal Rapports politiske redaktør Agnar Kaarbø regjeringas satsing på distrikta, og meiner det rammar byane. Det er tøv.

Folk i byane og distrikta har stort sett dei same ønska: Jobb, bustad, trivsel og gode offentlege tenester. Folk sine forventningar til framtida påverkar dei vala dei gjer i dag. Ein aktiv distriktspolitikk må til for at folk skal kunne velje å bu utanfor sentrum.

Kaarbø har rett i at vi styrker distrikta for å motverke fråflytting og sentralisering. Det krev tiltak og pengar. Ikkje sidan Borten-regjeringa har ei regjering hatt så aktiv distriktssatsing som no. Senterpartiet og Arbeidarparti-regjeringa ønsker verdiskaping og busetting over heile landet.

Eg meiner det ikkje går utover byane. Det kan faktisk føre til mindre press på byane, spesielt på bustadmarknaden. Det er i så fall også ein viktig gevinst.

Verdiskapinga som skjer innan energi, fiske og havbruk, landbruk og andre distriktsnæringar, skapar enorme inntekter som kjem både bygd og by til gode. Rekruttering til desse næringane er avhengig av at folk vel å busette seg også utanfor dei store byane.

Når dei store byområda veks, blir det press på areal og på transportsystema. Vi har sett i gang naudsynt revidering av dei statlege planretningslinjene for arealpolitikken.

Byane og distriktskommunane har ulike utfordringar og ulike behov for utvikling i sine kommunar. Vi treng å tilpasse arealbruken og planlegginga til dei ulike utfordringane byane og distrikta har.

I dei store byane bidreg byvekstavtalene til eit framtidsretta system for arealbruk og miljøvennleg transport. Regjeringa prioriterer no nye avtalar i dei mellomstore byområda Sarpsborg/Fredrikstad, i Kristiansand-regionen og byvekstavtale i Tromsø.

I fleire av byane har vi eigne områdesatsingar for å sikre gode bu- og levekår, spesielt i område med opphoping av levekårsproblem. Vi har utvida denne satsinga til dei mellomstore kommunane, til dømes Indre Østfold, Larvik og Halden.

I bustadpolitikken har regjeringa saman med SV styrka Husbanken si rolle, både i byane og i distrikta kraftfullt.

Det viktigaste verkemiddelet for å jamne ut forskjellar mellom kommunane er inntektssystemet for kommunane, uavhengig om vi snakkar om by- eller distriktskommunar.

Kaarbø meiner dette rammar storbyane, men det er ikkje riktig. Trondheim er den byen som får mest i auka inntekter som følgje av endringa. Tromsø og Drammen er òg blant dei som kjem best ut.

Dette er ikkje ei endring mellom by og land, men mellom skattesterke og skattesvake kommunar. I tillegg vert levekårsproblem i byane kompensert både i inntektssystemet og i ulike støtteordningar.

Eg vel å sjå på forslaget frå Kaarbø som eit forsøk på å vere litt spissformulert og artig. Ikkje overraskande går nok ikkje eg inn for ein namneendring. Så lenge vi jobbar for at folk skal leve gode liv både i byar og distrikt, trur eg vi lever godt med at namnet framleis er Kommunal- og distriktsdepartementet. Det famnar alle kommunane i Noreg, både dei med store byar, mellomstore byar og distrikta.

Det er eit varsel om ein politikk for solidaritet mellom by og land. Ein politikk Arbeidarpartiet og Senterpartiet har stått saman om i snart 100 år.

Powered by Labrador CMS