Konsekvensutgreiinga skal ta utgangspunkt i relevant og tilgjengeleg informasjon. Viss det manglar informasjon om viktige forhold, skal ein hente inn informasjon, skriv Erling Sande. Bildet er frå ei naturkartlegging i Lier.

Upresis kritikk om natur og lokaldemokrati

Mykje av kritikken mot kommunane, regjeringa og Stortinget om praktiseringa av regelverket om konsekvensutgreiingar treff dårleg.

Publisert

Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning

Utgreiing, kunnskap og medverknad er grunnleggjande når norske kommunar skal planlegge arealet. Lokalpolitikarar og kommuneplanleggjarar, i dialog med lokalbefolkning og næringsliv, er dei som er best eigna til å planlegge si kommune. Staten skal leggje til rette gjennom klart regelverk og gode rettleiarar.

Målet vårt er eit endå betre og tydelegare regelverk, som vil vera meir anvendeleg og lettare for kommunane å praktisera.

I Kommunal Rapport 10. januar hevdar juristane Fredrik Holth og Nikolai Winge at kommunane, regjeringa og Stortinget har godteke systemsvikt i praktiseringa av regelverket om konsekvensutgreiingar. Mykje av kritikken treff dårleg.

Vi er alle samde om at avgjerder som blir tekne i offentleg forvaltning, skal vera kunnskapsbaserte. Det gir legitimitet til vedtak som vert fatta, og styrkjer tilliten mellom politikarane og innbyggjarane.

Det gjeld òg for avgjerder om bruk og vern av areal, som har vore eit sentralt tema etter NRK-saker om kommunale arealplanar.

I Noreg er regelverket om konsekvensutgreiingar integrert i dei ordinære planprosessane etter plan- og bygningslova.

Eit viktig prinsipp er at utgreiingane skal vera relevante for avgjerdene, og at dei skal vera tilpassa plannivået. Det betyr at utgreiingar av regionale planar og kommuneplanens arealdel normalt vil vera meir overordna og mindre detaljert enn utgreiingane av ein reguleringsplan for eit konkret utbyggingsprosjekt.

Konsekvensutgreiinga skal ta utgangspunkt i relevant og tilgjengeleg informasjon. Viss det manglar informasjon om viktige forhold, skal ein hente inn informasjon.

At konsekvensutgreiingane er ein del av planprosessane, betyr også at det er stor grad av medverknad rundt utgreiingane som blir gjennomførte. Både innbyggjarar, organisasjonar og statlege sektorstyresmakter kan komma med innspel, både til kva som skal greiast ut og korleis det skal gjerast, og i etterkant om utgreiingane er gode nok. Dette er medverknadsdemokrati i praksis.

Som ein del av kontrollfunksjonen kan òg statsforvaltarane og andre statlege sektorstyresmakter fremme motsegn viss konsekvensutgreiingane er mangelfulle eller ikkje gjennomført. Dei kan òg be om at det vert gjennomført tilleggsutgreiingar.

NRK har i reportasjen sin peika på at naturverdiar tidlegare ikkje alltid har vorte tilstrekkeleg greidde ut og synleggjort i planprosessane.

Alle skal følgja reglane, også norske kommunar. Men det gir lita meining å trua med sanksjonar eller bøter for saksbehandlingsfeil som er gjort for mange år, kanskje fleire tiår, sidan. Nokre av dei kommunale arealplanane vart laga i ei tid då både kunnskapen og fokuset på natur var mindre. Sidan den gongen er òg reglane kommunane skal halde seg til, blitt endra.

Fokuset må vere på den jobben som blir gjort no og framover. Då handlar det om både å sikra at reglane er klare og enkle for kommunane å halde seg til, og at rettleiarane er gode slik at vi speler kommunane gode i planarbeidet.

Den store kunnskapen hos statsforvaltar og andre statlege etatar må i større grad vera ressursar kommunane kan dra fordel av tidleg i planarbeidet. Eg har, i oppdragsbrevet vi sende ved årsskiftet, bede statsforvaltar styrkja rettleiarrolla si.

Debatt om korleis kommunane følgjer opp statleg regelverk i arealplanlegginga må òg handla om kva vi frå staten si side kan forenkla. Er det noko regelverk som er unødvendig komplisert? Er rettleiarane i klart språk og enkle å ta omsyn til? Finnes det reglar eller rapportering som gir liten verdi og som vi kan fjerne?

Kommunal- og distriktsdepartementet og Klima- og miljødepartementet jobbar no derfor med å revidera forskrifta om konsekvensutgreiingar. Målet vårt er eit endå betre og tydelegare regelverk, som vil vera meir anvendeleg og lettare for kommunane å praktisera.

Holth og Winge hevdar at staten har svikta i rettleiinga til kommunane. Det er ein påstand eg er heilt usamd i.

I 2020 gav Miljødirektoratet ut ei heilt ny handbok om utgreiingar av klima og miljø i konsekvensutgreiingar.

Denne regjeringa har prioritert generell rettleiing og kompetansebygging mot kommunane på plan- og miljøområdet. Saman med Miljødirektoratet gjennomfører vi mellom anna ein omfattande webinarserie for kommunane om korleis klima, natur og miljø kan varetakast i arealplanlegginga.

I tillegg er arbeidet med verktøy for arealrekneskap og naturrekneskap to døme på viktige satsingar frå regjeringa for å støtta opp om miljøarbeidet i kommunane.

Til saman er dette tiltak som vil hjelpa kommunane og andre aktørar i arealforvaltninga til å få viktig kunnskap tidleg i prosessen slik at vi som samfunn kan ta kloke avgjerder om arealbruk framover.

Powered by Labrador CMS